Historia om Myrold Fruktgard
Her på garden har det vore produksjon av frukt i generasjonar. På slutten av 60-talet kom Steinar heim, etter å ha utdanna seg på gartnerskule og tok over garden. Han hadde da lært seg bærdyrking. Han planta ut jordbær med stor suksess dei første åra. Etterkvart vart det planta bringebær og. På slutten av 80-talet vart det planta ut juletre for første gang. Dette vart etterkvart ei god ekstra inntekt, når det kom i produksjon og salg årlig. Så kombinasjonen av jordbær, bringebær, eple og juletre, gav ein god fordeling av arbeidet og ein grei innkome på garden. I byrjinga av 2000-talet tok Ivar og Sissel over garden, dei fortsette med same produksjonen. Det vart da redusert ein del på produksjonen av jordbær på friland og auka produksjonen av jordbær i drivhus. Produksjonen av eple vart redusert og produksjonen av juletre vart auka. No er all produksjon innan grensene på garden, dette etter å ha vore rundt i nabolaget i fleire år, der ein leigde jord til jordbær produksjonen. No er Myrold Fruktgard ein gard som blir dreven ved sidan av anna arbeid.

Fakta om Myrold Fruktgard
Myrold Fruktgard (Gardnr 84, bruknr 2).
Areal totalt: ca 47 mål innmark og ca 200 mål skog.
Areal Jordbær: 3 mål på friland og 3 mål i plast tunnellar.
Areal Bringebær: 3 mål på friland.
Areal Eple: 10 mål.
Areal Juletre: 20 mål.
Areal brakk: 3 mål.
Areal anna: 5 mål.

Kor ligg Myrold Fruktgard, sjå kart nedanfor


View Larger Map

View Larger Map